Leigetakar har rett til å disponere hytta ( utleigeobjektet) til kl. 1000 avreisedagen. Vi skal gjere det vi kan for at nye gjestar skal få flytte inn så rastk som mulig , men vi ber om forståelse for at det nokre gongar kan bli litt venting for dei som veljer å kome tidlegare på dagen.
Hytta
Utleigeobjektet skal forlatast i skikkeleg reingjort, med særleg vekt på kjøken og bad. Vi kan overta dette mot eit tillegg i prisen. Av hygieniske grunnar må sengety alltid benyttast. Sovepose er ikkje tillatt. Våre hytter er røykfrie og vi ber våre gjestar respektere dette og benytte uteplassen til røyking.
Båtane
I Noreg er det påbudt å nytte redningsvest i båt. Leigetakar er økonomisk ansvarlig for skader på båt, motor og utstyr som blir påført ved uaktsomheit eller vilje. Gje beskjed til oss ved mangler/feil på båten. Båten skal leverast tilbake i reingjort stand. Orienter dykk om været før dykk legg utpå. Ved ankomst har båten full tank og denne skal være oppfylt ved avreise.
Ha alltid mobiltelefon med i båten .Det er ikkje tillatt å føre båt i beruset tilstand.
Sløyerom og handtering av fiskeavfall
Vi ber om at alle vasker og rydder etter seg på fellesområder. Fiskeavfall skal dumpast i sjøen frå båt eit godt stykke frå land. Dette for å unngå lukt og tiltrekking av skadedyr.