Båt & Båtplass

Båtane ligg trygt i eiga småbåthamn på Lille Kalvøy og ved flytebrygga ved parkeringsplassen i Nørvasund.

Like ved hamna står ei sløyebod med ferskvatn, sløyebenkar og fryseboks. Der finnes det boder for innlåsing av fiskeutstyr og bensintankar.

Fjorden er rik på alle fiskeslag og Borgundfjorden, med sitt kjende torskefiske, ligg berre 20-40 min. båttur frå Lille Kalvøy.

Havfiske med større båt og førar kan arrangerast etter avtale på førhand.